
Eg tok ein test på http://www.vilbli.no/, for å sjå kva eg ville bli. Der fekk eg mest på naturbruk, så bygg og anlegg, og så idrettsfag. Eg er ikkje heilt sikkar, men eg har vertfall bestemt meg for at eg SKAL jobbe med dyr, så det bler hestelinja, naturbruk på meg. Men eg har eit problem, eg vil ikkje blir veterinær. Eg hatar å sjå dyr lide å døy, så eg prøver å finne andre jobbar eg kan jobbe med. Har mest lyst å jobbe med hest, så då tenkte eg at eg kunne bli lærar på hestelinja på vgs, men vil ikkje bli lærar, så der har eg eit problem igjen.
Har DU eit forslag til kva eg kan bli?? :)