tirsdag 13. april 2010

Karen`s Jul! - Referat

Karens jul handlar om ein politimann som går forbi eit gammalt hus, som har stått tomt lenge. Nå han passerer, høyrer han eit lite skrik. Han kikkar inn vindauget. Der inne ser han ei ung jente, som held på ein liten baby. Han prøver å opne dåra, men den er låst.
”Lukk opp!” seier han, og bankar hardt på døra, men ingen opnar. ”Lukk opp, dette er politiet!” ropar han enda høgare. Til slutt opnar døra seg, der inne, i ein krok, og under gamle klede sit ei ung jente, med ein baby på fanget.
Politimannen, lurar på kva dei gjer her, og om dei har fått lov til å vere der. Jenta sa at dei hadde fått lov, men politimannen, ville at dei skulle væra med til stasjonen. Men, ho ville være igjen, til julaften, og det var berre 3 dagar til, så ho fikk lov.
Da det var litle julaften, gikk han å så inn vindauget igjen, da låg jenta i ein skrå stilling, og amma barnet. Han kom tilbake på jula også, og då låg ho i same stilling, og
amma barnet. Døra var låst, så han knuste vindauget, og gjekk inn. Dei var daude, begge to. Barnet hadde sovna inn med puppen i munnen.

2 kommentarer: